Bygg, religion og makt

Anne Veiteberg
2020 Kirke og kultur  
Leder Bygg, religion og makt det har skjedd før. Ei kyrkje har blitt til moské, moské har blitt til museum -eller moské er blitt til ei kyrkje. Det har vore sterke reaksjonar etter at Tyrkias president Recep Tayyip Erdoğan vedtok å ta i bruk det verdskjente praktbygget Hagia Sofia i Istanbul som moské. Dette blir tolka som eitt av mange tiltak for å gjera landet meir muslimsk. Hagia Sofia var først kyrkje i 916 år, så moské i 482 år, men etter at Atatürk gjorde Tyrkia til eit meir sekulaert
more » ... meir sekulaert samfunn, har bygget vore museum. Det finst liknande døme i historia: Moskékatedralen i Córdoba i Spania -La Mezquita -var først ei kyrkje, så moské. Etter den kristne gjenerobringa av byen på 1200-talet, blei bygget igjen ei kyrkje. Men det meste av moskéarkitekturen fekk stå. Vakre mauriske bogegangar omgir ein katedral i barokk stil. Forhåpentlegvis vil også dei eineståande kristne mosaikkane i Hagia Sofia få vera i fred, også etter at bygget er blitt moské att. Det er forståeleg at mange ønskjer at gudshusa først og fremst skal vera ein stad for bøn og gudsteneste -og ikkje museum for turistar frå heile verda. Men det unike med Hagia Sofia er at ho i nesten 90 år -etter at bygget blei museum i 1935 -har vore tilgjengeleg for alle, på tvers av religionar og livssyn, truande og ikkje truande. Likeins var La Mezquita i ein periode open for både muslimar og kristne. No blir begge bygningane brukt som symbol i ein politisk kamp, der religion blir nytta til å markera nasjonal identitet og makt, i ei avgrensing mot «dei andre». For Erdoğan er det islam som spelar denne rolla, for ytterleggåande høgrekrefter i Spania, er det kristendom. Når majoriteten på denne måten demonstrerer makt, har religiøse minoritetar grunn til å vera engstelege. Religionsfridomen blir sett under press. At kyrkjer og andre gudshus i mange tilfelle appellerer til sterke kjensler og skaper engasjement, er heilt sikkert. I dette nummeret av Kirke og Kultur skriv Berit Thorbjørnsrud om kyrkjebygging på Den arabiske halvøya. Ho viser at kyrkjebygging på den eine sida er noko kontroversielt, samstundes som styresmaktene ønskjer å framstå som tolerante overfor den kristne minoriteten. Dei gir løyve til bygging, men vil at kyrkjene skal vera mest mogleg «usynlege». Dette er ikkje heilt ulikt debattar her til lands om kva religiøse uttrykk som skal vera lovlege og synlege i det offentlege rom -enten det er snakk om fysiske bygningar, bønerop og hovudplagg eller andre religiøse symbol. Og majoriteten sit gjerne med definisjonsmakta. 190 Kirke og Kultur 3/2020 årgang 125 / © Universitetsforlaget KIRKE OG KULTUR 3/2020
doi:10.18261/issn.1504-3002-2020-03-01 fatcat:jyr6tk4eafeu5jnp2rsjpl6lbe