Kunnskap, regime og kunnskapsregime

Håvard Brede Aven
2018 Norsk Sosiologisk Tidsskrift  
Stipendiat Senter for profesjonsstudier, OsloMet -storbyuniversitetet aven@oslomet.no SAMMENDRAG Omgrepet kunnskapsregimer fekk stor merksemd i skandinavisk akademisk og offentleg debatt frå og med utgjevinga av Rune Slagstad si bok De nasjonale strateger i 1998, og blei etablert som eit sentralt omgrep i skandinavisk kunnskapshistorie og kunnskapssosiologi. Men mykje på grunn av at Slagstad har vore sparsom med presiseringar av nøkkelomgrepet (og inspirasjonen bak det), har mottakinga vore
more » ... mottakinga vore prega av ei viss forvirring over korleis det skulle forståast (Rudeng, 1999) . I denne artikkelen identifiserer eg først ei lang rekke ulike måtar omgrepet har blitt brukt på av Slagstad. Deretter samanliknar eg bruken av omgrepet hos Slagstad med den nyare bruken av omgrepet knowledge regimes innan samanliknande politisk økonomi og kunnskapssosiologi (Campbell & Pedersen, 2014 , 2015 , som også inneber mange nokså ulike tydingar og vektleggingar. Til tross for nokså like teoretiske utgangspunkt, ender dei opp med temmeleg ulike forståingar av kunnskapsregime. Felles for dei fleste måtane Slagstad nyttar omgrepet på, er at han set staten og fagbyråkratiet i sentrum. Han nyttar mellom anna omgrepet om fagsamansetnaden i statsapparatet og om at ulike kunnskapsformer har hatt ulik innverknad og ulik grunngjeving på ulik måte til ulike tider. Campbell og Pedersen nyttar derimot omgrepet kunnskapsregime om kunnskapsorganisasjonar utanfor eller i randsona til staten, og nyttar det om organisasjonar som tenketankar og forskingsinstitutt, ikkje om den skiftande innverknaden til ulike profesjonar. Sjølv om alle bruksmåtane viser til former for samspel mellom kunnskap og politikk, gjer bruken av kunnskapsregime om ulike nivå og til dels på This article is downloaded from www.idunn.no. VITENSKAPELIG PUBLIKASJON så ulike måtar at det er naerliggande å forstå det som fleire ulike omgrep heller enn variasjonar over det same. Eg foreslår likevel at vi alternativt kan forstå Slagstads kunnskapsregime som eit idiom eller medvite fleksibelt omgrep som opnar for at samspelet mellom kunnskap og politikk er omskifteleg. Nøkkelord: kunnskapsregime, kunnskapssosiologi, kunnskapshistorie, profesjonssosiologi, ekspertise ABSTRACT The concept kunnskapsregimer ("knowledge regimes») gained considerable attention in Scandinavian academic and public debate following the publication of Rune Slagstad's book De nasjonale strateger [The National Strategists] in 1998. It has since become a central concept in Scandinavian history and sociology of knowledge. In part due to Slagstad's lacking clarifications of the central concept (and the inspiration behind it), however, the reception of the book has been marked by a certain confusion over how to interpret it (Rudent, 1999). In this article I first identify a number of different ways in which Slagstad himself has used the term. Thereafter, I compare his use of the concept with the more recent use of the concept knowledge regime in comparative political economy and sociology of knowledge (Campbell & Pedersen, 2014 , 2015 , which also entails several different meanings and emphases. Slagstad's many uses of the concept focus on the state, for instance by highlighting the changing composition of professions within the bureaucracy and by identifying the shifting influence of different forms and justifications of scientific knowledge. Campbell and Pedersen, on the other hand, use the concept about knowledge organisations outside the state, analyzing the role of organisations like think tanks and policy-research institutes rather than the shifting influence of scientific disciplines. Although all the ways in which the concepts has been used point to the intersection of knowledge and politics, the variety of uses and analytical levels suggest that the term knowledge regime covers several different concept rather than variations of one concept. Alternatively, I suggest that we should understand Slagstad's knowledge regimes as an idiom or a consciously flexible concept, highlighting the constantly shifting character of the interplay between knowledge and politics.
doi:10.18261/issn.2535-2512-2018-05-02 fatcat:hre6qtoolrfhxbifkvosjxxqsq