Orsak
Anne Veiteberg
2020
Kirke og kultur
Leder Orsak kva vil vi som lever no måtta be om orsaking for i framtida? Kva vil stå att etter oss som ein skamplett i historia? Ein urett eller eit brotsverk som vi ikkje tok på alvor, ikkje såg dei langsiktige konsekvensane av? Og kva vil då folk tenkja om oss og vår tid -om femti eller hundre år? Dette var ein gong ein idé for ein konferanse som aldri blei noko av. Men spørsmåla er framleis like ubehagelege og aktuelle. Den norske kyrkja og den norske staten har bede om orsak fleire gonger.
more »
... or uretten som blei gjort mot urfolk og minoritetar -samar, jødar og romani. Vil kyrkja også ta eit oppgjer med motstanden mot kvinnelege prestar og diskrimineringa av homofile? Den katolske kyrkja har beklaga den brutale koloniseringa av Latin-Amerika og overgrep mot barn. Med metoo og Black lives matter-rørsla har seksuell trakassering og rasisme fått nye ansikt. Også tidlegare heltar framstår no i eit anna lys. Kva blir det neste? Det må bli miljøkrisa og klimaendringane. Rovdrifta på naturen og manglande vilje til å løysa klimakrisa er nok det vår tid vil bli mest kritisert for av ettertida. Og somme meiner at kristendommen har eit medansvar for miljøøydeleggingane, med sin tanke om at mennesket står i ei saerstilling, høgt heva over andre skapningar, og der naturen ikkje har nokon eigenverdi. Natur og klimakrise er altså tema i dette nummeret av Kirke og Kultur. Knut Ruyter skriv om Laudato si' -dokumentet frå den katolske kyrkja som har fått mykje merksemd og ei svaert positiv mottaking, fordi det påpeiker samanhengen mellom klima, fattigdom og sosial urett. Men som vi skal sjå, encyklikaen har også sine svake sider. Etter at streikande ungdom sette klima på dagsorden, har baerekraft kome inn i nye laereplanar i skulen. Tom Sverre Tomren har undersøkt kyrkja sine undervisningsplanar: I kva grad er miljø, klima og baerekraft prioritert i trusopplaeringa for barn og unge? Biskop emeritus Gunnar Stålsett skriv om Religionar for fred og «Interfaith Rainforest Initiative» -eit samarbeid på tvers av religionar for å redda regnskogen. Kyrkja treng språk, liturgi og salmar som handlar om desse livsviktige utfordringane for kloden vår. Ingrid Braekken Melve har skrive to splitter nye klimasalmar. Og Anne Beate Hovind utfordrar lesaren til å tenkja nytt om tid; mindre kortsiktig, meir visjonaert eller «katedralsk» -og lenger enn ein gene-
doi:10.18261/issn.1504-3002-2020-04-01
fatcat:hen2foei7vbffiwl3ogfdjdxee