I kvar si verd?

Atle Døssland
2021 Heimen  
Artikkelen presenterer eit forsøk på samandrag av ei heil rekke undersøkingar knytt til eit større forskingsrådsstøtta historieprosjekt som starta ved Høgskulen i Volda i 2008: «Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder ca. 1660-1870». Ved sida av å fortelje kva problemstillingar og hypotesar som låg til grunn, presenterer vi også organiseringa av heile prosjektet, og kva avgrensingar dette i seg sjølv innebar i høve til dei nokså vidfemnande målsettingane. Hovudsaka var å sette
more » ... eteikn ved om det er rett å hevde at dei norske rurale lokalsamfunna bar preg av ei klar sosial og kulturell kløyving mellom embetsmannsmiljø på den eine sida og sjølve bondesamfunnet på den andre. Har vi gjennom dei mange større eller mindre undersøkingane klart å svare på spørsmåla? Svaret er langt på veg ja, men likevel ikkje eintydig. Ikkje alle førehandshypotesane var lette å ta standpunkt til. Likevel var vi påtakeleg ofte i stand til å spore personlege band mellom representantar for embetsstanden og bondestanden, noko som i alle fall inneber ei klar nyansering av den såkalla «tokulturlaera».
doi:10.18261/issn.1894-3195-2021-01-03 fatcat:sa63j6sywfemjmiub2kbgv4dva