Betre føre var

Aud Berit Fossøy
2010 Tidsskriftet sykepleien  
Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for helsefag. Terping på kommareglar, eventyr og korøving kan vera helsefremjande og førebyggjande. www.sykepleien.no Les mer og finn litteraturhenvisninger på våre nettsider. Søkeord: Betre føre var G jennom observasjonspraksis ved norsksenteret for innvandrarar får bachelorstudentar i sjukepleie erfare at å kunne språket er gull verdt skal ein vinna igjen tapt kontroll over eige liv og helse. Ny organisering av emne helsefremjande og førebyggjande arbeid
more » ... ørebyggjande arbeid har resultert i glødande engasjement. Antonovsky, salutogenese, empowerment -jo dette får vi til, og dette motiverer til uvanleg aktivitet. Studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane skal i løpet av bachelorstudiet i sjukepleie gjennom temaet «Helsefremjande og førebyggjande arbeid». Dette har vi organisert som eit eige emne på 15 studiepoeng fordelt på ti veker. Emnet bygger på samtlege fire hovedområder i Rammeplan og forskrift for sykepleierutdanning, men med hovudtyngde i del fire, samfunnsvitenskapelige emne. Dagens organisering av emnet inneheld undervisning, prosjektplanlegging, observasjonspraksis med gjennomføring av tiltak, oppgåveskriving, presentasjon og sluttevaluering. Mangfaldig felt Helsefremjande og førebyggjande arbeid ligg inne som ein del av utdanning til sjukepleie. Dette er eit tema som ingen er negativ til, dette er viktig både for den enkelte og for samfunnsøkonomien. Men så går det som det ofte går, det som ikkje lønner seg med det same blir skyvd lenger og lenger ut. Rammeplan 2004 ga temaet eit løft. Formuleringane er ganske lik dei vi har sett tidlegare, men temaet er gitt større plass. Det som verkeleg ga oss legitimitet til å utvide var følgjande formulering: «Praksis må inkludere erfaring frå forebyggende helsearbeid, svangerskaps-og barselsomsorg og pediatrisk sjukepleie». Her kunne vi gå i gang med praksisstudiar i eit mangfaldig felt. Rammeplan gir også opning for ulike pedagogiske arbeidsmåtar: «Det kliniske feltet sin eigenart vil vera avgjerande for utforming av praksisstudiar». Sentralt mål i utdanninga er blant anna å kunne dokumentere eige arbeid, utføre prosjektarbeid og evaluere eige arbeid. Vår versjon Det var på tide å børste støv av emnet. Altfor lenge hadde fokuset vore tilnaerma synonymt med «førebyggande sjukepleie». I dag veit våre studentar at helsefremjande arbeid også handlar om korøving og internasjonal ressursfordeling. Emnet helsefremjande og førebyggjande arbeid er ved vår høgskule plassert ved slutten av 2. studieår. Før dei kjem til emnet har dei allereie god innsikt i kvardagen ved sjukeheimar, ulike avdelingar på sjukehus i tillegg til grundig opplaering i anatomi, fysiologi, sjukdomslaera og farmakologi. Fokuset ligg på det sjuke menneske, på diagnose, behandling og pleie av sjuke og gamle. Her har vi eit unikt høve til å nyansera. Temaet vårt har motsatt fokus: Kva er det som skapar helse? Kva skapar sågar god helse? Mange, dei fleste av oss, er friske på tross av påkjenningar. Fagkunnskapen må på plass Emnet startar opp med fem-seks veker teoretisk innføring. Det første vi går i gang med er avklaring av omgrep. Kva er helsefremjande arbeid og kva er førebyggjande? Kva er folkehelse? Her blir individperspektivet snevert, vi tenkjer i større grad system og struktur. Og helseomgrepet, kva med den delen av tida vi faktisk er frisk? Er det forskjell på frisk og veldig frisk? Kva med helse, kva gir oss solid og god helse med overskot og energi? Kva er det som faktisk verkar her? Så har vi den tilbakevendande diskusjonen: Skal helsekronene bli brukt på dette? Er ikkje dette den enkelte sitt ansvar? Jo, kanskje det i praksis er slik, men god helse har mest å hente utanfor helsevesenet. Helse handlar om verksamme faktorar, psykiske, fysiske og sosiale. Resiliens, meistring og Antonovskys teori om salutogenese er sentrale omgrep som seier noko om verksame faktorar for helse. Dei forklarer mekanismane og gir oss gode aha-opplevingar. Status for folkehelsa og dei store utfordringane nasjonalt og globalt er sentrale og aktuelle tema. Kva slags strategiar og arbeidsmetodar er tilgjengelege og effektive? Dette fordrar kunnskap om helsepolitiske verkemiddel, føringar og prioriteringar. Innføring i grunnlagstenkning blir fulgt opp med fire fordjupningsemner: Migrasjon og helse, livsfasar og helse, infeksjon og helse samt miljø og helse. Internasjonalt perspektiv Sentralt i emnet er eit internasjonalt perspektiv. Emnet har to emneansvarlege som fungerer som mentor for laerarar og bidreg med undervisning: Sjukepleiar og jordmor dr. Margaret Maimbolwa, University of Zambia, School of Medicine og dr.med. Eelco Boonstra, tidligere kommunelege i Askvoll kommune og med sju års erfaring frå Botswana og Tanzania. Begge set sine preg på pensum og undervisning, noko som gir faget ein tyngde og eit internasjonalt perspektiv vi ikkje hadde fått til på eigen hand. Helsefremjande og førebyggjande arbeid engasjerer våre studentar. Dette tema handlar om heile folkesetnaden, ikkje berre dei som har ein diagnose. Alt dette er aktuelt, men slett ikkje uproblematisk. Helsefremjande arbeid dreiar seg om tilrettelegging sykepleien 11 | 2010 62
doi:10.4220/sykepleiens.2010.0098 fatcat:ffrx7a2qbbh2nh6zzeivtgsrce