Heinz Schilling: Martin Luther: Rebell i en brytningstid

Joar Haga
2017 Teologisk Tidsskrift  
Dette er ein saers velskriven biografi om eit menneske som skreiv endå betre. Historikaren Schilling lèt seg rive med av denne tyske munken som skreiv på høgoktan -med flammen i haelane, så å seie -, utan å tape den historiske distansen. Det er eit subtilt grep: Schilling lèt Luther spele ut sine ekstreme sider og skaper på den måten eit bilete av eit menneske som er ivrig og engasjert, men samstundes litt underleg og forsert kjenslevar. Luther er ein indianar som sosialantropologen Schilling
more » ... pologen Schilling har oppdaga etter ei ferd over historiehavet, som Georg Johannesen ville ha sagt. Ein kunne kanskje seie at Schilling tvinger den tyske eksistensielle Luther-lesinga inn i sitt eige historiserande prosjekt. Luther er «fargerik», ein blome i Guds grånande åker. Den eksistensielle nerven blir faktisk avslipt ved at Luthers sjeleliv blir framstilt i all si fargerike språkdrakt og slik sett «underleggjort». Hjå Schilling får Luther si underlege framtoning den konsekvensen at han glir ut av det eksistensielle blikkfeltet og inn i det eksotiske. Men denne sida er mindre påfallande utover i boka. Det er som om lesaren etter kvart blir vand til den saereigne spissformuleringsevna til Luther. Det litteraere grepet til Schilling kjem godt til uttrykk i bruken av Luther si eiga forteljing om korleis han slost med syndekvalane. Han var from, men samstundes akk så «trist». Denne tristessen hevdar Schilling ein må forstå «som noe dypere enn trist på grunn av verdslige forhold» (s. 85). Men ein kan også forstå tristessen som eit uttrykk for acedia, altså dødssynda latskap. Då blir den sjølvbiografiske kommentaren til Luther ein illustrasjon av eit fundamentalt poeng i hans teologiske antropologi: Gjerningsfromheit produserer synd. Schilling etablerer ei kopling mellom Luther og lesaren ved det som skjer med Luther ved messealteret. I staden for å gå inn i ei rutinemessig feiring av nattverden i messa, slik Schilling hevdar var det vanlege på denne tida, tok Luther saka i eigne hender og «selvstendig konfronterte problemet» (s. 88). Her kjenner den moderne lesaren seg att i Luther. Samstundes unngår Schilling den teologiske tolkinga, nemleg at Luther skulle ha brukt This article is downloaded from www.idunn.no.
doi:10.18261/issn.1893-0271-2017-04-05 fatcat:g2okqtzoardolhgnrlshytrbpa