Fang kvalen! Tankar langs ristningsberga på Nordvestlandet
release_y7fxpo2lijh6vcx3b3ji7mrfcu
by
Øyunn Kleiva
Abstract
Møre og Romsdal har ei rekke bergkunstlokalitetar frå steinalder (Fig. 1). Måleria på Honnhammar i Tingvoll, ristningane på Rausand og Søbstad på Averøy og ristningane på Bogge i Nesset representerer veidekunstsatsinga vår i Bergkunstprosjektet. Skjøtselsplanar dannar no grunnlag for arbeid på lokalitetane. Skjøtselsplanane er eit felleseige mellom NTNU Vitenskapsmuseet, Kulturavdelinga ved Møre og Romsdal fylke, kommunane og grunneigarane. Etter at tilstandsproblematikk er kartlagt, bøtevoner planlagde, oppgåver og ansvar fordelt, midlar skaffa,-gjeld det å få gjort jobben. Dette er ikkje tida for å dvele ved forståinga av bergbileta. Men det er så rart med det. Å gå langs ristningsberga i dagesvis gjer ein fortruleg med bilete og stad. Kval-niser eller spekkhoggarar-er motiv som går att på alle dei utvalde bergkunstlokalitetane på Nordmøre og Romsdal, samt på Bjørsetsteinane i Molde. I samband med skilting av Averøyristningane vaks det fram eit ynskje i meg om å prøve å fange alderen på kvalane på Averøy på nytt. Denne kvalfangsten vart oppstarten på denne reisa vi no skal ta gjennom veidekunstlokalitetane i fylket. Figur 1. Veidekunst i Møre og Romsdal.
In text/plain
format
Archived Files and Locations
application/pdf
462.1 kB
file_gjw6bktz6ba3val3nrnitlim7q
|
web.archive.org (webarchive) bora.uib.no (web) |
article-journal
Stage
unknown
access all versions, variants, and formats of this works (eg, pre-prints)